Heim


Nyttig litteratur



Sjå slektsregisteret mitt



Leikeparken vår

Rullebrettparken vår

Rullebrett i Norge

Home


Useful books



See my Family Records



Playground at school

Egil Sølvberg
Frøylandsvegen 4
4355 Kvernaland
egil@solvberg.org
www.solvberg.org

Sølvberg slekt

Då eg var smågut skreiv bestefar min, Arne Sølvberg, eit par bøker om slekta si. Desse bøkene har eg brukt ein del for å få litt oversyn over slektningane mine. Men nå er det gått mest eit halvt århundre, så oversikta er ikkje akkurat fersk. Mange nye er komne til, og mange er falle frå.

I 2005 bestemte eg meg for å føre delar av bestefar sitt arbeid vidare fram til i dag. Meininga var å laga ei ny utgave av boka "Garden Sølvberg" som inneheld alt frå den som vart utgitt i 1952. I tillegg ville etterkomarane etter dei som var brukarar på Sølvberg omkring 1850 koma med. Boka vil truleg bli på 400-500 sider.

Men slekta er spreidd vidt. Ein stor del av etterkomarane finns i Amerika. Difor var det meininga at boka også skulle koma i ei engelsk utgave hvis det er tilstrekkeleg interesse for det.

Då eg starta arbeidet i 2005 var eg nokså optimistisk. Men det har vore ein tidkrevande prosess å samle informasjon. Og arbeidslysta har ikkje vore like god heile tida. I 2009 sto arbeidet bom stille (eg var nokså opptatt med andre ting). Men eg var framleis innstilt på å bli ferdig med boka, helst før eg blir pensjonert. Men det har til tider vore tungt å få svar frå etterkomarar. Det har til tider vore som å ropa ut i det store tomromet. Så eg har i stor grad mista "piffen". Eg tok kanskje på meg for mykje. Arbeidet har stort sett stått bom stille dei siste åra. Tida vil vise om eg tar arbeidet opp att for fullt.

I påvente av ei vidareføring av slektsbøkene har eg førebels lagt dei ut på verdsveven, slik at alle interesserte kan få tilgang på dei. I tillegg er også nettversjonen av heile slektsregisteret mitt tilgjengeleg her.

Sjå slektsregisteret mitt

Sølvberg family

When I was a little boy, my grandfather, Arne Sølvberg, wrote two books about his family. I have used these books from time to time to get an overview of my relatives. But now half a century has passed. Many new family members have arrived, and many have passed away.

In 2005 I made up my mind to continue parts of grandfather's work. I intended to make a new edition of "The Sølvberg Farm" which would be expanded with all decendants of the people who were farmers at Sølvberg about 1850. The book would probably get about 400-500 pages.

But the families have spread wide. Many of the decendants lives in America. If sufficiently many persons are interested the book will also come in an english edition.

When I started the work in 2005 I was quite optimistic. But the information gathering has been a slow process, and I have not been eager all the time. The year 2009 was almost a standstill. But I still wanted to fullfill the work. It has, however, been difficult to get information from decendants. Some has been interested, many has not answered at all. So I have more or less lost the drive and the work has come to a standstill. Time will show if I get a new start.

In the meantime I have made the books available on the world web, to use for any interested family member.

Grandfather's books exists only in a norwegian version. But the web version of my complete family register is bilingual and accessible here (Not much of the biography of persons are translated into english. I plan to translate, but it will take me a considerable time). It has almost 6900 persons and 2000 families. I believe most of the information in my register is correct, but I am sure there are errors. I have almost no information later than 1950. A considerable part of the information is collected by my cousin Arnulf Sølvberg

See my Family Records

Litteratur

Dette er bøker eg har hatt nytte av i granskingsarbeidet mitt.

Alle desse bøkene kan ein finne ved å søke i bibliotekdatabasen Bibsys. Nokre er til utlån, andre ikkje. Ein del av dei nyare bøkene kan framleis kjøpast, f.eks i ein nettbokhandel: Akademika, Ark, Bokkilden, Haugen bok. Nasjonalbiblioteket har skanna enkelte av desse bøkene.

Andre kjelder på internett eg har hatt mykje nytte av er Digitalarkivet med kyrkjebøker og anna arkivmateriale, Norway Heritage med emigrantskip og passasjerlister.

Books

Theese books have been useful for me.

All books may be found in the library database Bibsys. Some may be borrowed, others not. Some of the books are still in print. Some internet book stores: Akademika, Ark, Bokkilden, Haugen bok

Other useful sources at internet: Digitalarkivet with parish registers and a lot of other archive records, Norway Heritage with passenger lists and emigrant ships from Norway.

Garden Sølvberg og folk som har røter der

Ved Arne Sølvberg, 1952

Om garden Sølvberg i Stryn kommune i indre Nordfjord. Om historie og daglegliv for hundre år sidan. Busette og utflyttarar fram til 1950.
Last ned boka (30092 KB)

Myklebust-ætta. Ei attersyn 1550-1950

Ved Per Verlo og Arne Sølvberg, 1950

Om etterkomarane etter dei som budde på garden Myklebust i Utvik i Stryn kommune i indre Nordfjord.
Last ned boka (11371 KB)

Nordfjordingernes Historie i Amerika

Av L.M. Gimmestad, 1940

Om dei som utvandra frå Nordfjord til Amerika mellom omlag 1860 og 1940. Boka er på over 500 sider og omtaler ein stor mengde personar. Teksten er søkbar slik at ein lett kan finne namn og stader. Hvis du finn feil vil eg gjerne få melding om det.
Last ned boka (6812 KB)

Nordfjord fraa gamle dagar til no

Dei einskilde bygder. Innvik - Stryn.

Av Jacob Aaland, 1932 (Ny utgave 1974)

To bøker av Jacob Aaland sitt storarbeid. Første bindet del 1: Bygdeskipnad og bygdesoga, og del 3: Gards- og ættesoga for Stryn, og andre bindet har del 2: Gards- og ættesoga for Innvik.

Denne bokserien kjem ein ikkje utanom når ein arbeider med slektsgransking frå Nordfjord.




Soga om bureisarparet Anders og Karoline Sølvberg Fjellvang

Av Gunnhild Fjellvang, 1999

Om livet til Anders og Karoline som i 1920 kjøpte nokre mål utmark på Sølvberg, og med mykje strev dyrka opp ein fin gard. Om alle etterkomarane deira fram til 1999.




Langt borte - men likevel nær

Av Rasmus Sunde, 2004

Gjennom vel 100 år frå 1850 -1962 utvandra 2606 stryningar. Denne boka inneheld namn og detaljopplysningar om alle utvandrarane frå Stryn. Dessutan gir boka ei skildring av Stryn på 1800-talet, ein analyse av kven utvandrarane var, og ei drøfting av kvifor dei reiste til USA.




Bergenhusingerne i krigen mot Karl XII

Av oberst J. Wahl, 1932

Bergens historiske forening. Skrifter.
Om deltakinga frå Vestlandet i Den store Nordiske krigen. 1699 til 1719.




I kongens teneste

Av Egil Øvrebø, 1996

Militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709 - 1719. Oversikt over alle som vart utskrivne til hæren og flåten.




Med jektelast til Bergen

Av Ragnhild Elin Aas og Ole Peder Schei, 1998

Oppgåve i Lokalhistorie. Avdeling for Samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Oppgåva søkjer å ta føre seg om ulikskapen i naturgrunnlaget på dei to gardane Bergset og Sølvberg påverkar jektelast og omfanget av jekteferdsla på dei to gardane. Samt om denne jekteferdsla er representativ for Nordfjord.