Bygging av hinderløypa

I 1998 vart det bygd nokre lekeapparat / hinder inne i skogen ved Frøyland skule. Det var ikkje mykje pengar å bruke, men tanken var at dette skulle utvidast seinare.

Utover våren 2000 vart dette tatt opp att i Foreldrearbeidsutvalet (FAU) og det vart vedtatt at vi ville bygge ei stor hinderløype: Tarzanløypa. Det vart gjort eit grovt kostnadsoverslag og søknad om tilskot vart sendt inn til kommunen 1.november 2000.

Utover hausten og vinteren vart det gjort detaljplanlegging og laga arbeidsteikningar for alle hinder.

I juni 2001 vart søknaden innvilga. Men tildelingsbrevet stoppa diverre opp på rådhuset, så FAU fekk ikkje greie på dette før nærare juletider. Då var det for seint å setta i gang med dugnadsarbeid.

Byggearbeidet starta ikkje før i starten av september 2002 og det meste var gjort når vi kom til slutten av november. Sluttrekneskapen vart levert hausten 2003. Men det er gjort enkelte justeringar heilt fram til 2005.

Søknad og rekneskap

Hinderløypa vart kostnadsrekna til 168000 kr. For dette sendte vi inn søknad om spelemidlar 1.november 2001 og fekk tildelt 84000 kr i juni 2002. Sluttrekneskapen viste at vi kjøpte materiell for 96000 kr. FAU hadde nok pengar til å dekka dei 15000 kronene vi mangla.

I ettertid er det lett å sjå at søknaden var litt for forsiktig i kostnadsutrekninga. Vi hadde truleg fått det vi trengte hvis vi hadde søkt om 95000 kr.

Det har gått med omlag 450 dugnadstimar. Av dei er 50-60 timar teikning og planlegging.

Bygging

Hinderløypa er omlag 100 meter lang. Ho vart lagt i ei sløyfe inne i skogen. Ein viktig tanke bak utforminga av hinder var at dette skulle kunna brukast av alle, frå første klasse til pensjonistalder.

Alle stokkane for dei store hindera er støypt ned i bakken. Vi prøvde først å bruke steinsetting med pukk og grus, men det vart for laust.

I dei flate delene av løypa er det brukt 30-40cm fallsingel som underlag. I den øvre delen, som er meir skrå, er det brukt sand. Under sanden og singelen er det først lagt fiberduk. For å halde sanden på plass er det lagt tømmerstokkar langs løypa. Der det ikkje er god støtte for stokken, er det bora eit loddrett hol i kvar ende og slått ned eit 20mm armeringsjern gjennom stokken og ein halvmeter ned i bakken.


Mellom alle hinder er det grave ned loddrette stokkar eller dekk til å gå på, slik at ein skal kunna koma seg gjennom heile løypa utan å trø ned på bakken. På nokre av desse stokkane er det seinare festa dekk, så dei ikkje skal vera vonde å ramla på.

Dei vassrette stokkane er nedfelt i dei loddrette og skrudd fast med ein bolt som er bøygd i omlag 70 graders vinkel. På dei høge hindera som kan klatrast i må det passast på at ein ikkje kan setta fast f.eks. ei anorakksnor i glipa mellom stokkane.

For å skru saman stokkane trengst det ein god del lange boltar. Lange boltar er dyre, så det vil lønne seg å bruke gjengestenger som blir kappa i passelege lengder.

For å unngå at nokon skader seg ved å henga fast i boltane, er alle boltehovud og muttrar innfelt i stokkane.

Dei hengande dekka er hengt opp i plastbelagt kjetting som er stukke gjennom dekket og ei stor skive og låst av med ei M8x50 mm skrue på tvers. Bruk skive under muttrane og trekk dei godt til. I øvre enden er kjettingen tredd gjennom eit hol i stokken, låst av med ei M8x50mm skrue med skiver og muttrar som er trekt godt til, og hamra godt ned i treverket for å gjera det vanskeleg å ta laust.

Alle dekk som heng må ha eit hol nederst (minst 20mm) for at dei ikkje skal samla vatn som blir ståande og rotne. Til boring er det bare brukt flate trebor. Diameteren må vera ein del større enn skruediameteren. Spiralbor er ubrukeleg for boring i dekk.


Det enkelte hinder

Løypa startar med eit snillt lite balansehinder som passar for alle. Arbeidsteikning.

Det neste, tauløkkestativet, er ikkje fullt så lett. Men det bør kunne brukast av dei fleste. I første omgang vart det brukt tau i løkkene. Fordi desse tauløkkene vart vurdert til å kunne vera farlege hvis nokon fekk dei rundt halsen, vart dei seinare bytta ut med 5mm plastbelagt huskekjetting. Denne plastbelagte kjettingen fungerer betre enn tauet, så det var eit vellukka bytte. Kjettingen er kjøpt hos Vest Utemiljø og kostar over 100 kr for meteren. Men plastbelegget av polyuretan er svært haldbart, så det lønner seg i lengda å bruka slik kjetting. Arbeidsteikning.


Rullestokken er lagra opp med eit flenslager i kvar ende. For at dette skal passa godt saman er det nok tryggast å kappa lengda på stokken etter at festene i endane er støypt på plass.

Endefestet er laga av eit 25 cm langt stålrøyr Ø168x6mm med påsveist plate og lageraksling i enden. Som alt anna metall (bortsett frå flenslageret) er endebeslaget varmgalvanisert.


Dei trykkimpregnerte stokkane er ikkje heilt runde, og diameteren passar heller ikkje til endebeslaget. Det vart difor laga ein fresejigg for å feste ein handoverfres og stokken slik at den kunne snuast rundt og bli fresa til passande tverrmål. Arbeidsteikning.


Klatreveggen er laga av 5 plastbelagte vassfaste kryssfinerplater (150x300cm) som er 15mm tjukke. På kvar plate er det montert 28 klatregrep med 30 cm avstand. Klatregrepa er kjøpt hos Stibolt AS i Asker og kosta omlag 8000kr. Dei er festa med M10x35 mm skruer med senkhovud og innvendig sekskantspor og klomutter på baksida av plata. (Desse skruene får ein ikkje kjøpt varmgalvanisert).


Vi brukte 12cm rundstokk, men det vart ikkje stivt nok, så vi måtte setta på avstiving. Det bør nok brukast 18cm stokk. Avstivinga er 95x95mm plank montert med ein spiss kant opp, slik at det ikkje er mogeleg for ein sprek unge å balansera på toppen. I tillegg skråstivarar i kvar ende.


På toppen av platene er det lagt rundstokk med fresespor for plata. Dette stiver godt av , og hindrar at vatn trekker inn i kanten av plata. Dette er viktig for å få lang levetid på platene. Nederst er det også sett på 12cm horisontal tverrstokk for avstiving. Det blir best hvis denne stokken blir saga med rundt innhakk. Tre seksjonar (annakvar) med plate og stokk vart montert ferdig og reist, og så vart platene for dei to mellomseksjonane skrudd på plass. Faststøyping vart gjort etter at klatreveggen var samanskrudd. Arbeidsteikning


Ribbestativet er laga slik at der er to alternative klatreruter. Dei spreke kan gå armgang ved å henge i stengene på toppen. Dei små som synest at det blir for tungt eller for høgt kan klatre i dekka på sida.


Dekka er hekta saman med ein liten plastbelagt kjettingstump som er stukke gjennom dekket og ei stor skive og låst av med ei M8x50 mm skrue på tvers. Det same er gjort med kjettingen som dekka er hengt opp i. Arbeidsteikning


Slengtaustativet er laga slik at ein kan slenge seg frå holme til holme. Den som vil ha litt lenger avtand kan slenge seg i sikksak på dei små holmane.

Tauet er tredd gjennom hol i overliggarane og låst med ein knute på oversida. Det er laga 3 åttetalsknutar på tauet slik at det skal vera lettare å halde seg fast.


Stokkane bør fellast inn i kvarandre. Det stiver godt av. Innfellinga bør vera så god at det ikkje vert så stor sprekk at ein kan sette fast hettesnorer og liknande.

Ein må rekne med at desse taua av og til blir øydelagde, enten med kniv eller sigarettennar. Det er det ingen grunn til å bli sur for. I tillegg vil det jo vera litt normal slitasje. Det er fort gjort å skifta, og tau er billeg. Ein kveil 16mm polypropylen på 110m kosta 400-500 kroner. Arbeidsteikning


I dekkveggen er dekka hengt opp på same vis som i ribbestativet. I tillegg er det festa eit dekk under kvart av dei opphengde dekka. Det nedre dekket svinger fritt og gjer at klatringa blir meir utfordrande. Arbeidsteikning


Det siste hinderet er eit kombinasjonshinder. Årsaka til at dette vart tre-i-eitt er først og fremst at dei loddrette stokkane i dette hinderet var sett opp to år i førevegen, og dei var så solid nedsett at vi såg ingen grunn til å fjerna dei.

Det første ein prøver på her er balansering på stram line (10mm wire). Hvis ein ikkje klarer det uten å halda seg fast (dei færraste klarer det) kan ein ta tak i eit tau som er strekt over lina.


Det neste er klatring frå stigbøyle til stigbøyle. Dei er hengt opp i plastbelagt kjetting. Hvis ein ikkje bruker rett teknikk kan det bli ganske tungt. Stigbøylane er heimelaga. Kjettingen er hengt opp på same vis som i ribbestativet.

Den siste delen er ein stokk med handtak av stålrøyr for å gå armgang. Med rette teknikken går det lett. Men det kan også vera tungt. Røyra er slått gjennom hol som er tronge nok til at røyra står skikkeleg fast. Det er sett på ein liten loddrett stokk som trinn slik at også dei minstre skal rekka opp til handtaka. Arbeidsteikning


11.november 2005