Tarzanløypa

Frøyland

Ved Frøyland skule i Time på Jæren har vi mellom 2002 og 2005 bygd opp ein leikepark, "Tarzanløypa" som ungane har døypt det. Dette er ei bortimot 100m lang hinderløype og ein "Tarzanjungel" med 4 master som held oppe overliggarar som er 8 meter høge der det er hengt opp 14 slengtau. Dette er eit svært populært leikeområde for balansering, klatring og slenging.

Det heile starta i mai 2000 då eg saman med ungane mine, som då var 10 og 13 år gamle, reiste ei langhelg til Danmark og mellom anna var i Løveparken. Der var det ei flott hinderløype som ungane likte godt.

På den tida var eg medlem av Foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Frøyland skule. På første møte etter ferien fortalde eg at eg hadde vore i Danmark og "sett lyset".

Uteområdet på Frøyland var stort sett som ved skular flest: Disser og sandkassar for dei minste, asfalt for paradis, hoppetau og balleik, grasbane og grusbane for fotball. Dei som ikkje var interessert i dette fekk klara seg som best dei kunne.

Alle i FAU var interessert i å endra på dette. Vi vart enige om å søke om Nærmiljømidlar til ei hinderløype. Det vart gjort eit grovt kostnadsoverslag og søknad om tilskot vart sendt inn til kommunen 1.november 2000.

Utover hausten og vinteren vart det gjort detaljplanlegging og laga arbeidsteikningar for alle hinder.

I juni 2001 vart søknaden innvilga. Men tildelingsbrevet stoppa diverre opp på rådhuset, så FAU fekk ikkje greie på dette før nærare juletider. Då var det for seint å setta i gang med dugnadsarbeid.

Byggearbeidet starta ikkje før i starten av september 2002 og det meste var gjort når vi kom til slutten av november. Sluttrekneskapen vart levert hausten 2003. Men det er gjort enkelte justeringar heilt fram til 2005.

Etter ein artikkel i Stavanger Aftenblad oppdaga vi at det var eit flott lekeområde ved Skudeneshavn skule. FAU besøkte dette anlegget, og det gav ekstra inspirasjon.

Hausten 2002 vart vi i FAU enige om å utvide med eit nytt prosjekt. Søknad om Nærmiljømidlar til ein "Tarzanjungel" vart levert i november.

Vi var heldige og fekk tildelt 200000 kr i juni 2003. Denne gongen passa vi på, og fekk tidleg vita at vi hadde fått pengar. Dermed kom vi i gang i juni med å hogge ein del tre som sto i vegen, og starta graving i slutten av september 2003. Det vart gjort arbeid utover mot jul 2003 og i 2004. Sluttrekneskapen vart levert i juni 2005. Men sluttarbeidet vart ikkje gjort før hausten 2005.

Arbeidet har tatt lenger tid enn det burde. Hovudårsaka til det er at eg har vore aleine om byggeleiinga, og det er ikkje alltid eg har hatt like god tid til det.

Men sjølv om det har tatt litt lang tid, er vi svært godt nøgd med resultatet.