Bygging av jungelen

Etter at vi hadde fått pengar til hinderløypa vart vi ivrige og bestemte oss for å utvide "Tarzanløypa" med ein "Tarzanjungel".

Her i Jærområdet har Røyneberg skule i Sola, Trones skule i Sandnes og Varhaug skule i Hå også "Tarzanjunglar" (dei er dobbelt så store). Det finns også mange andre rundt omkring i landet.

Då vi starta bygginga av hinderløypa var ikkje plassering av jungelen bestemt. Det kunne fort ha laga store problem. Men vi var heldige. Plasseringa av jungelen passa fint inn saman med det som alt var bygd. Men sørg for å planlegge totalområdet før noko arbeid startar, sjølv om det er delt opp i mindre prosjekt. Det er fort gjort å tabbe seg ut når det gjeld arealbruken.

Søknad og rekneskap

Jungelen vart kostnadsrekna til 433000 kr. For dette sendte vi inn søknad om spelemidlar i oktober 2002 og fekk tildelt 200000 kr i juni 2003. Sluttrekneskapen vart på 445000 kr. Vi fekk overført 10000 kr som var til overs på eit naboprosjekt, og FAU dekka dei resterande 35000 kr.

Det har gått med omlag 700 dugnadstimar.

Underlaget

Vi fekk låne (leige billeg) gravemaskin og hadde sjølv maskinkjørar i dugnadsgjengen. Gropa grov vi opp på ei helg og fekk brukt massane i vollane på sida og i endane slik at vi slapp å kjøra bort noko.

I botn av gropa vart det lagt eit 10 cm lag av knust singel med nokre grunne grøfter med dreneringsrøyr for å få regnvatnet ut av gropa. Det vart lagt fiberduk over for å hindra at fallsingelen skulle blanda seg med grovsingelen og over duken vart store og små dekk plassert før det vart lagt på eit 40 cm lag fallsingel 4-8mm (godkjent som fallunderlag). Det gjekk med omlag 100 tonn fallsingel.

Mastesystemet

Mastesystemet med tau og taustigar er levert av Aktiv Arena AS. Det kosta 100000 kr. I dag kan systemet kjøpast frå Leikforum AS. Mastene er produsert av Ørsta Stål AS, ein stor produsent av mellom anna lysmaster.

Avstanden mellom mastene med tverrliggarar er 9 meter og avtanden mellom mastesystema er 12 meter. Lengda av tverrliggaren er 12 meter og høgda er omlag 8 meter. I kvar tverrliggar er det hengt opp 7 slengtau (wire med omspunnen fiber) med taustigar til å holde i med hendene.

Kvar mast er fundamentert i eit betongrøyr med diameter 1 meter og høgde 1,5 meter som er fyllt med C35 betong. Mastefoten er 10 cm over botn av byggegropa for å vera sikker på at stålmasta ikkje blir ståande i vatn. Det er viktig at massen rundt røyra får setta seg skikkeleg og at betongen får herda tilstrekkeleg før mastene blir montert.

Det vart ikkje levert med monteringsbeskrivelse for mastene. Mastene våre er montert med ein mutter under og ein mutter over fundamentplata. Slik er det lett å justere masta loddrett og gjere småjusteringar når tverrliggaren skal leggast på. Muttrane må trekkast skikkeleg til.

Alle taufestene med slengtau vart montert før tverrliggaren vart lyfta på plass med ein lastebilkran. Det er brukt gjengelim på alle skruer og sjaklar. Kjettingstumpen i toppen vart justert slik at taustigane heng 120 cm over toppen av fallsingelen når alt er på plass. Slengtaua vart kveila opp og festa med slippestikk slik at dei ville henge ute av vegen og kunne løysast ut uten bruk av stige eller kran når taua skulle brukast.


Dei nederste par metrane på mastene er kledde med dekk. Det er nødvendig for å unngå ulukker når dei som svingar seg i slengtaua kolliderer med mastene. Vi har delt eit dekk i tre og skrudd fire delar i ei lengde. Så er dei kledd oppover masta og skrudd saman med små dekk på sidene. Desse dekka blir det klatra på, så det er ein fordel om dei er litt stive. Det bør også brukast rikeleg med skruer (M10x50, ikkje gløym firkantskiver) for å få dekka til å sitte godt fast rundt masta. Men det beste er nok å bruka dekk med liten diameter som blir tredd inn på masta før den blir reist.

Skråningane

Etter at byggegropa er utgraven og skråningane er grovforma må master og overliggarar monterast før dekka skal leggast i skråningane. Det er nødvendig å bruka slengtaua til å måla med for å kontrollera at dekka blir lagd rett. (På Trones skule er skråningen for slak slik at ungane har problem med å koma heilt opp. Dei fire øverste dekklaga bør leggast på nytt.)

Vi hengde opp ei målesnor i eit slengtau. Frå slengtauet og ned til ei løkke til å halda i er det like langt som lengden av ein taustige. Frå denne løkka heng det ned ei 120 cm lang snor med eit lodd i enden. Det er omlag så høgt som ein førsteklassing greitt kan greia å halda når han skal dra slengtauet etter seg opp skråningen. Ein drar så i løkka slik at slengtauet er stramt, og plasserer dekket slit at loddet akkurat rører i det.

Brukte bildekk til å kle skråningane har vi fått gratis hos ein lokal bensinstasjon som har stort sal av dekk. Vi har brukt omlag 1100 bildekk.

I kvart dekklag bør det vera dekk av omlag same breidde (mest vanlege dimensjonar er 185,195,205 og 215 mm) for at ikkje skråningen skal bli svært ujamn etter kvart som ein kjem høgare opp. Vær nøye med å strekka snor langs kvart lag slik at det vert nokonlunde beint og horisontalt.

Dekka skal leggast i steinstøv og fyllast opp med steinstøv. Den mest effektive måten å gjera dette på er å lyfta litt på felgringen og stappa inn steinstøvet med nevane (bruk skinnhanskar). Vær nøye med å fylla godt i, fordi det vil siga litt saman etter kvart. Dette er tungt arbeid, men det lønner seg å ikkje slurva med det. Til å fylla på steinstøvet er det nødvendig å bruka ein traktor med lesseapparat. Vi brukte omlag 110 tonn steinstøv og det seier seg sjølv at det tar for lang tid å flytta det med spade og hjulbåre.

I det øverste laget er alle dekka skrudd saman med M10x50 mm skruer for å låsa laget skikkeleg. Hvis ikkje vil dekka etter kvart bli rivne lause av ungdomar som skal bruke kreftene. Det må brukast store firkantskiver 12,5x40x40x4 mm inn mot gummien, ellers vil skruen etter kvart arbeida seg gjennom dekket.

Toppen av vollen må vera tre meter brei for at det skal vera nok plass å ramla på. Og dekkast med eit lag med 10-20 cm steinstøv.

Øya i midten

Det som fyller mest i midten er 4 store dumperdekk 110 cm breie og 260 cm i diameter som vi fekk hos Titania AS på Tellnes i Sokndal. Desse store dekka fekk vi gratis, men vi måtte sjølvsagt ordna transport sjølv. Kvart dekk veg eit par tonn, så det nytter ikkje med nokon småbil.

Det var på forhånd laga til underlag og merka av plassering for desse store dekka, slik at det bare var å legge dei rett på plass. Underlaget på biletet her er 3 søyler kvar med tre lastebildekk lagt oppå kvarandre, bolta saman og fyllt med singel.

I tillegg er det brukt ein del lastebildekk og hjullasterdekk. Lastebildekka får ein gratis, men eit hjullastardekk må ein betala 400-500 kr for. Årsaka til at dei kostar noko er at dei blir brukt til fendring av kaiar. Vi fekk lastebildekk og kjøpte hjullastardekk hos Dekkmann på Forus. Alle som monterer slike dekk vil som oftast ha brukte dekk å selja.

Vi har også brukt nokre traktordekk, men desse bør ein unngå. Dei er nokså mjuke, og når dei blir skrudd saman vil dei vera litt skjelvete når ungane står på dei.

Det er viktig at høgden på dekkøya i midten er lik høgden på vollane i begge endar. Hvis det er høgdeforskjell vil ikkje ungane greie å landa skikkeleg over alt. Høgden hos oss er 220 cm over botn av byggegropa (nivået for fiberduken, 10 cm under mastefoten).

Det må heile tida passast på at målesnora blir brukt til å plassera dekka korrekt. Biletet til høgre er frå Røyneberg skule. Her har dei vore litt uheldige med plasseringa. Vi ser at gutungen ikkje kan greia å landa på dekket i midten.

Viktig! Corden i dei fleste dekk er av stål. Ingen dekk med synleg stålcord må brukast! Det vil kunna gje stygge sår. Det må heller ikkje brukast dekk med piggar.

Alle dekk som står oppreist må ha eit hol nederst (minst 20mm) for at dei ikkje skal samla vatn som blir ståande og rotne. Skjær f.eks. eit hol i dekksida heilt i kanten av slitebanen der corden byrjar. Dei store dekka som ligg må også ha dreneringshol.

Alle dekka må skruast solid saman, ellers er det ikkje lenge før dei er nedrivne. Vi har stort sett brukt M10 gjengestong, og M10x50, M10x60 eller M10x70. Det må brukast firkantskiver 12,5x40x40x4 mm inn mot gummien, ellers vil skruen etter kvart arbeida seg gjennom dekket. Til boring er det bare brukt flate trebor. Diameteren må vera ein del større enn skruediameteren. Spiralbor er ubrukeleg for boring i dekk.

Til slutt: Før du set i gang med eit eige anlegg: Ta ein tur rundt og sjå på kva andre har gjort. Det er svært lærerikt å sjå på andre sine feil, slik at ein kan la væra å gjere dei sjølv. Og sjølvsagt også sjå på resultatet av andre sine gode idéar.

18.mars 2015