Sikkerhet

Det finns ikkje noko godkjenningsordning for slike anlegg som dette. Men Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr gjeld. Denne forskrifta set ein del krav og viser til ei rad standarder.

I kommunen vil det vera ein eller fleire personar som er ansvarleg for å vurdera tryggleiken.

Fordi det kan vera stor variasjon i konstruksjonen frå anlegg til anlegg legg forskrifta opp til ein viss grad av vurdering av om anlegget er trygt. Det fører sjølvsagt med seg at forskjellige personar kan gjera ulike vurderingar. Då kan det vera nødvendig å ta kontakt med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, som forvaltar forskriftene, for å få deira vurdering.

Vi har hatt eit slikt tilfelle når det gjeld vurderinga av taustigane.

Etter ei dødsulukke i Bodø vart det også sendt ut eit brev frå produsenten av vår jungel. Det vart seinare reist straffesak mot produsent og leverandør av utstyret i Bodø. NB! Det er ikkje det same utstyret som vi har. Saka vart handsama i høgsterett. Endeleg dom kom i februar 2006.

6.november 2005