Søknadsprosessen

Når ein ynskjer seg eit slikt anlegg som vi har på Frøyland møter ein fort kjernespørsmålet: pengar. Kan dette finansierast ?

Eit alternativ er å få anlegget inn på det kommunale budsjettet. Det vil som oftast vera vanskeleg. Men det vil sjølvsagt variera svært frå kommune til kommune.

På Frøyland innsåg vi at å sitta og venta på at kommunen skulle bygga truleg ikkje ville føra fram. Men ordninga med finansiering av nærmiljøanlegg ville vi prøva oss på. Det vart gjort eit grovt kostnadsoverslag for ei hinderløype og søknad om tilskot vart sendt inn til kommunen før 1.november 2000. To år etter ville vi utvide med ein "Tarzanjungel" og sendte ein ny søknad.

Det maksimale tilskotet ein kunne få til eit enkelt nærmiljøanlegg var 200000 kr. Men det er heilt greitt å dela opp eit større prosjekt i fleire mindre hvis det naturleg kan delast. F.eks. slik vi har gjort det med ei hinderløype og ein "Tarzanjungel".

Hugs at når kostnadene skal reknast ut, er det kostnaden ved å betala for å få utført arbeidet som skal brukast. Ved første søknaden vår om hinderløype gjorde vi ein tabbe der. Det vart gjort eit overslag over timeforbruk for dugnad og sett ein rimeleg timepris. Dermed vart totalkostnaden litt i minste laget. Vi fekk det vi ba om, 84000 kr, men vi burde ha søkt om nærare 100000 kr.

Informasjon og søknadsskjema for nærmiljøanlegg finn du på nettsidene til Kulturdepartementet.

Kva etat i kommunen som er ansvarleg for nærmiljøanlegg vil variera frå kommune til kommune, men det er gjerne same etaten som er ansvarleg for idrettsanlegga. Søknaden blir vurdert opp mot andre søknader om anleggsmidlar, og kommunen lager ei prioritering før søknadene går vidare til fylket litt utpå nyåret.

Søknadsfristen i kommunen vil gjerne være i oktober-november. Pass på å sjekka dette !

Etter at fylket har sagt sitt vil Kultur og Kyrkjedepartementet vurdera og fordela midlar til fylkene. Dette er klart i mai, og deretter vil fylket gjera den endelege tildelinga til dei enkelte anlegga. Så litt ute i juni vil du endeleg få beskjed. Pass på å sjekka at kommunen ikkje gløymer å gje deg melding om at du har fått pengar. Det skjedde med oss på Frøyland før vi laga hinderløypa, og det forsinka oss eitt år.

5.november 2005