Dette er bøker eg har hatt nytte av i granskingsarbeidet mitt.
Alle desse bøkene kan ein finne ved å søke i bibliotekdatabasen Biblioteksøk. Nokre er til utlån, andre ikkje. Ein del av dei nyare bøkene kan framleis kjøpast, f.eks i ein nettbokhandel.
Andre kjelder på internett eg har hatt mykje nytte av er Digitalarkivet med kyrkjebøker og anna arkivmateriale, Norway Heritage med emigrantskip og passasjerlister. Nasjonalbiblioteket med alle eldre bygdebøker.
Theese books have been useful for me.
All books may be found in the library database Biblioteksøk. Some may be borrowed, others not. Some of the books are still in print. Some internet book stores: Akademika, Ark, Bokkilden, Haugen bok
Other useful sources at internet: Digitalarkivet with parish registers and a lot of other archive records, Norway Heritage with passenger lists and emigrant ships from Norway. National library with all old local history books.
Garden Sølvberg og folk som har røter derVed Arne Sølvberg, 1952 Om garden Sølvberg i Stryn kommune i indre Nordfjord. Om historie og daglegliv for hundre år sidan. Busette og utflyttarar fram til 1950. |
|
Myklebust-ætta. Ei attersyn 1550-1950Ved Per Verlo og Arne Sølvberg, 1950 Om etterkomarane etter dei som budde på garden Myklebust i Utvik i Stryn kommune i indre Nordfjord. |
Nordfjordingernes Historie i AmerikaAv L.M. Gimmestad, 1940 Om dei som utvandra frå Nordfjord til Amerika mellom omlag 1860 og 1940. Boka er på over 500 sider og omtaler ein stor mengde personar. Teksten er søkbar slik at ein lett kan finne namn og stader. Hvis du finn feil vil eg gjerne få melding om det. |
Nordfjord fraa gamle dagar til noDei einskilde bygder. Innvik - Stryn. Av Jacob Aaland, 1932 (Ny utgave 1974) To bøker av Jacob Aaland sitt storarbeid. Første bindet del 1: Bygdeskipnad og bygdesoga, og del 3: Gards- og ættesoga for Stryn, og andre bindet har del 2: Gards- og ættesoga for Innvik. Denne bokserien kjem ein ikkje utanom når ein arbeider med slektsgransking frå Nordfjord. |
|
Soga om bureisarparet Anders og Karoline Sølvberg FjellvangAv Gunnhild Fjellvang, 1999 Om livet til Anders og Karoline som i 1920 kjøpte nokre mål utmark på Sølvberg, og med mykje strev dyrka opp ein fin gard. Om alle etterkomarane deira fram til 1999. |
|
Langt borte - men likevel nærAv Rasmus Sunde, 2004 Gjennom vel 100 år frå 1850 -1962 utvandra 2606 stryningar. Denne boka inneheld namn og detaljopplysningar om alle utvandrarane frå Stryn. Dessutan gir boka ei skildring av Stryn på 1800-talet, ein analyse av kven utvandrarane var, og ei drøfting av kvifor dei reiste til USA. |
|
Bergenhusingerne i krigen mot Karl XIIAv oberst J. Wahl, 1932 Bergens historiske forening. Skrifter. |
|
I kongens tenesteAv Egil Øvrebø, 1996 Militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske krig 1709 - 1719. Oversikt over alle som vart utskrivne til hæren og flåten. |
|
Med jektelast til BergenAv Ragnhild Elin Aas og Ole Peder Schei, 1998 Oppgåve i Lokalhistorie. Avdeling for Samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Oppgåva søkjer å ta føre seg om ulikskapen i naturgrunnlaget på dei to gardane Bergset og Sølvberg påverkar jektelast og omfanget av jekteferdsla på dei to gardane. Samt om denne jekteferdsla er representativ for Nordfjord. |